Vidare datoar Gloppen janisjar sin aktivitet finn du i kalenderen. Oppdatert 4. november.
VELKOMEN TIL GLOPPEN JANITSJAR - skipa 1986, spelt sidan 1892
NYTT OG NYTTIG
PUBLISERT 18. JANUAR
INNKALLING TIL ÅRSMØTE
Det vert årsmøte i Gloppen janitsjar torsdag 10. februar klokka 20.30. Vanlege årsmøtesaker. Saker medlemmar ønsker å lagt fram på årsmøtet må vere styre i hende innan 31. jaunar.
Vanleg øving fram til årsmøtet. Vert det skjerpa koronarestriksjonar kan møtet verte utsatt.
VI HAR ALLTID PLASS TIL EIN MUSIKAR TIL
DU ER VELKOMEN
Vi i Gloppen janitsjar håper nokre av dei mange hundre som fann glede med musikk gjennom korps og skulekorps igjen har lyst å vere med. Du vert godt motteken.
Janitsjaren øver torsdagar i Aulaen på Firda vidaregåande skule frå klokka 19.15 til 22.00.
PUBLISERT 13. NOVEMBER 2021
ENDELEG BASAR IGJEN!
Søndag 28. november er det omsider igjen klart for det Førjulstreffet i aulaen på Firda vgs. Saltmat og søtmat, og spøt i ull er henta inn, siste finpussen
på nissejenter og nissegutar er gjort. Første søndag i advent - som alltid - klokka 16.00 er alt klart for basar.
PUBLISERT 15. AUGUST 2021
TID FOR ØVING!
Etter den lengste spelepausen i korpset si historie, er det klart for å møtast igjen.
Firda vgs brukar Aulaen sjølve ut august, og GU-salen er utleigd til andre.
Difor blir det eit nostalgisk gjensyn med VONHEIM dei to første gongane - 19. og 28. august kl. 1930-2200.
PUBLISERT 3. MARS 2020
TAKK FOR FESTEN!
Då var skotårsgallaen over for denne gongen. Takk til musikalske gjestar, takk til alle støttespelarar, og hjarteleg takk til publikum for at de var
med og gjorde denne laurdagskvelden til ein skikkeleg festkveld. Vi er attende med ny Skotårsgalla om fire år.
PUBLISERT 30. JUNI 2019
AUF WIEDERSEHEN!
Janitsjaren har hatt ei skikkeleg kjekk helg, med konserten saman med Cappella Vocale i kultursalen som det absolutte høgdepunktet.
Takk til alle som kom, takk for gode tilbakemeldinger, og vielen Dank til Cappella Vocale Hechendorf for samværet! Vi tek ein tur sørover snart!
PUBLISERT 8. FEBRUAR 2020
LEIARSKIFTE
Til solid applaus for godt arbeid Martha Sundal Engeland takka av etter fire å som leiar på årsmøtet. Som ny valde korpset Bjørn Inge Solheim, og sidan han var
sittande nestleiar vart Jorunn E. Vereide Kvernevik vald som ny nestleiar. Heile styret.